medverkande

Birgit Alm debuterte i 2016 med romanen Endelig skal vi le. I denne boka tematiserer ho det å vera fattig i eit rikt samfunn. Til JERNROSA kjem ho for å prata om nyfattigdom og barnefattigdom med Kari Saanum, samt for å lesa frå debutromanen sin.

Bjørn Ivar Fyksen er litteraturvitar og fast anmeldar i avisa Klassekampen. Han er særleg opptatt av arbeidarlitteratur og skriv doktorarbeid om Alf Prøysen. Til JERNROSA kjem han for å fortella om den politiske Prøysen og for å vera bokpratar og ordstyrar i fleire samanhengar.

Cathrine Hagen Gundersen er den uslipte diamanten mellom Odda sine mange songtalent. Ho kjem på JERNROSA for synga oss inn i FESTKVELD-stemning og for å synga duett med Espen Moe.

Fredrik Hagen er ein ung Odda-poet som har vore sentral i oppbygginga av det unge poesimiljøet i Bergen rundt poesifanzinen Forsvinningspunkt. Han er mye brukt som bokpratar og organisator av poetiske opplesingar og samtaler av Bergen Offentlige Bibliotek og Litteraturhuset i Bergen. I år debuterer han med diktsamlinga Jeg kom pluttselig til å slutte å tenke på deg. Hagen er årets JERNROSA-debutant.

Kim Christer Hylland er Odda sitt store talent på slagverk. For dei som har følgt karrieren hans frå lokale bandkonstellasjonar i Odda og vegen vidare til jazzlina i Trondheim, er det inga overrasking at han no er nasjonalt kjend som den energiske og hardtslåande trommisen og perkusjonisten i (jazz)metallbandet Dreamarcher.

Bjørn Ingvaldsen er odding, tyssedøl og prisløna forfattar av om lag 50 barne- og ungdomsbøker. Han har også skrive bøker for vaksne. I år er han nominert til Nordisk Råds pris for beste Barne- og Ungdomsbok. Dei siste åra har han vore leiar av Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU). Han debuterte i 1995 med novellesamlinga Landskap med gul Lada. Til årets JERNROSA har han tatt med seg kona si, Ingeborg Dirdal for å framføra kabareten Husker du Gudrun?

Terje Kollbotn er Odda sin eigen Tom Joad. Det er ikkje den kamp Terje ikkje har gått inn i med all si kraft, sin retorikk og sine strategiske evner når han har sett småkårsfolk og arbeidsfolks interesser truga av kapitalkreftene, overmakta eller byråkratane. Terje Kollbotn er ein institusjon i seg sjølv og fyller fullt ut tittelen på den store biografien om arbeidarhovdingen Martin Tranmæl – Et bål av vilje. På JERNROSA kjem Terje for å ropa oss trygt gjennom Smelteverket rundt på 100 minutt. Og, det beste av alt, veit du kva det er? Han treng ingen megafon eller berbar høgtalar på smelteverksvandringa, for, som han seier: Eg blei fødd med ein innebygd høgtalar!

Knut Markhus er kvemming, men arbeider som direktør ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Tyssedal. Han er forfattar av fleire sakprosabøker og har vore aktiv på den musikalske scena i fleire konstellasjonar.

Odd Erlend Mikkelsen er kjend frå ei rekke lokale bandkonstellasjonar. Han er eit stort musikalsk talent som via musikklina på Trøndertun Folkehøgskule tok steget over i bandet Møblos og derifrå til ny status som gitarist i Dreamarcher saman med Kim Christer Hylland. Saman med Kim driv han også og eksperimenterer med eit nytt duoformat under namnet HEEDLESS. Til JERNROSA kjem han for å spela på urpremieren til ISBERG-filmen, samt for å vera festivalmusikar og gi oss ein smakebit på kva den nye duoen er god for.

Espen Moe kjem på JERNROSA FESTKVELD for, i nokre minuttar, å vera Odda’s eigen Nick Cave i duett med villrosa Cathrine Hagen Gundersen. Han er kjent for si mørke og varme stemme gjennom dei årlege Odda-konsertane til Gunn Gravdal.

Odda Musikklag har vore det taktfaste tonefølgjet til oddingane sine kampar og festar gjennom meir enn 100 år, nærmare bestemt i 110. I mellomkrigstida sat dei ringside på Folkets hus og spela den faste knock out-marsjen sin når den svimeslåtte boksaren blei boren ut frå dei store boksestemna i storsalen på Odda Folkets hus. På JERNROSA kjem dei for å spela arbeidarmarsjar på Lindeplassen, eller Porten, som innbarka smelteverksfolk seier, og for å marsjera oss opp til Skalltaket under Smelteverket rundt på 100 minutt. Blir spennande å høyra om dei klarer å overdøva Terje Kollbotn sin innebygde høgtalar…

Anne Oterholm er forfattar og tidlegare leiar av Norsk Forfatterforening. Ho har gitt ut åtte romanar sidan debuten i 1995. Anne Oterholm er nestleiar av Norsk Kulturråd og leiar av Fagutval for litteratur i Kulturrådet. Til Odda kjem ho for å presentera den ferske omsettinga ho har gjort av poeten Leslie Kaplan, og for å bokbada debutanten Fredrik Hagen, før vi snur 3 spegelen og lar Anne bli bokbada av Fredrik. Ho skal også halda årets festtale på JERNROSA FESTKVELD og diskutera politisk litteratur.

Lars Jakob Rudjord er norsk musikar med røter i jazzmusikken. Han debuterte med utgjevinga Clockwork i 2013 og har sidan gitt ut ytterlegare to soloalbum. Lars Jakob Rudjord leier no sitt eige bandensemble men er også aktiv og mykje brukt i mange andre musikalske konstellasjonar, m.a. saman med Karl Seglem. Til Odda kjem han for å vera med på JERNROSA FESTKVELD og gi tonefølgje til songsolistane Cathrine Hagen Gundersen og Espen Moe, men aller mest for å spela tangentar under premieren på litteraturfilmen ISBERG.

Karl Seglem er norsk jazzmusikar med ei rekke utgjevingar og bandkonstellasjonar bak seg, fleire av dei aktive den dag i dag. Sidan 1991 har han drive plateselskapet NORCD med ei rekke utgjevingar av norsk kvalitetsmusikk. I 2010 blei han tildelt den høgthengande Buddy-prisen av Norsk Jazzforum. Karl Seglem har også gitt ut fleire diktsamlingar. Til Odda kjem han for å framføra musikken han har skrive til litteraturfilmen ISBERG saman med eit nytt band sett saman for denne premieren. Han kan også opplevast på Smelteverket rundt på 100 minutt på sundagen.

Lars Ove Seljestad er odding og norsk forfattar som gitt ut fem romanar, eitt essay og ei diktbok sidan debuten i 2005. Med debutromanen BLIND gjorde han omgrepet Klassereise til ein del av norsk daglegtale. Han tok i 2016 initiativet til å starta JERNROSA Politisk Litteraturfestival. Til årets JERNROSA har han med seg den nye litteraturfilmen ISBERG og eit kremlag av norske og oddiske musikarar.

Laila Stien er ei av dei finaste stemmene i norsk litteratur. Ho debuterte med novellesamlinga Nyveien i 1979. Ho har vore aktiv i dei fleste sjangerar, men det er særleg som novellist ho har fått størst anerkjenning. Laila Stien er også kjend som oversettar av samisk lyrikk og som mottakar av ei rekke litterære prisar. Til Odda kjem ho for å lesa på JERNROSA FESTKVELD og for å bli bokprata av Bjørn Ivar Fyksen.

Håvard Syvertsen er norsk forfattar og arbeidargut frå Kongsberg. Når han ikkje skriv eller jobbar med oversettingar frå svensk, er han å finna på sykkelen sin, ein klassisk mintgrøn Bianchi. Håvard debuterte i 1992 med novellesamlinga Nå ville han ikke tenke på det lenger og feirar såleis i år 25 års jubileum som forfattar. Og det gjer han med å, påverka av dei siste åras flyktningkrise og krig i Syria, skriva sin første politiske roman Et uoverskuelig mørke. Han kjem på JERNROSA for å samtala med Ane Aamodt om den nye romanen sin og for å vera med og diskutera politisk litteratur i dag.

Kari Saanum er ein norsk forfattar som skriv bøker og scenetekstar for barn, unge og vaksne. Ho jobbar særleg med tverrkunstnarlege produksjonar. Til Odda kjem ho for å ha premiere på den nye lydproduksjonen Alle har så mye, som lar oss møta tre ungdommar som har vakse opp i fattige familiar. Kari Saanum skal også vera med som bokpratar med Birgit Alm og for å diskutera politisk litteratur i dag.

Tyssedalkoret er med der det skjer i Odda og Tyssedal. Denne gongen skjer det på JERNROSA FESTKVELD der dei kjem for å synga arbeidarsongar. Definitivt syng dei ein gammal klassikar, men håpet er der om at dei også syng ein nyskriven arbeidarsong.

Vidar Våde er tyssedøl på sin hals, tidlegare bygningsarbeidar og kjent politikar både på lokalt og nasjonalt plan. I seinare tid har han stått fram som poet og som ein formidlar av lokal industrihistorie og arbeidarhistorie. Han kjem på JERNROSA FESTKVELD for å kåsera om arbeidardiktaren, redaktøren og vaskaren Olaves Steinpokker.

Ane Aamodt er kampanjeleiar i Redd Barna og leier Redd Barna sin nasjonale kampanje om barn på flukt. Som formidlar er ho særleg opptatt av å få fram enkeltlagnadar og skapa identifikasjon mellom oss og dei. I fleire kampanjar har ho nytta profesjonelle skodespelarar og filmskaparar til å formidla utsette barn sine fortellingar og erfaringar.

Sponsorar