medverkande


Atle C. Berge er norsk forfattar frå Hjelmeland i Lindås kommune. Han debuterte som forfattar med romanen Muntergang i 2010 og har sidan gitt ut fem barnebøker og tre romanar. Med romanen Puslingar (2019) om den tragiske Alexander Kielland-ulykka i 1980, Norges største arbeidsulykke med 123 omkomne, vann han i år den aller første LOs Litteraturpris for arbeidarlitteratur. Han kjem til JERNROSA for å snakka om vinnarromanen og om arbeidarlitteratur.


Amalie Kasin Lerstang er forfattar og var tidlegare redaktør av kulturtidsskriftet Fanfare. Ho vaks opp i og bur i industribyen Notodden. Amalie Kasin Lerstang debuterte med romanen Europa i 2014 som ho vann Tarje Vesaas debutantpris for. For diktverket Vårs (2018) blei ho nominert til LOs litteraturpris 2020. Til Odda kjem ho for å snakka om den LO-prisnominerte boka si, om arbeidarlitteratur og for å vera intervjuar i boksamtale.


Sandra Lillebø er norsk forfattar og journalist busett i Bergen. Ho debuterte som forfattar i 2011 med diktsamlinga Navnet på den ensomme er frigitt. Ho har sidan gitt ut diktsamlinga Alt skal skinne og blø (2016) før ho i september i år debuterte som romanforfattar med mor-dotter-romanen Tingenes tilstand, som har fått stor merksemd og lysande kritikkar. Sandra Lillebø kjem til JERNROSA for å fortelja om den nye romanen sin, samt for å moderera fleire boksamtaler og delta i paneldebatt om arbeidarlitteratur.


Leif Høghaug er norsk forfattar og lyrikar. Han er utdanna litteraturvitar og har undervist ved Forfattarstudiet i Bø. Høghaug var tidlegare i redaktør i Bokvennen forlag og stod m.a. bak utgjevinga av den norske utgåva av Johan Jönson sitt store diktverk Efter arbetsschema. I tillegg til eigne utgjevingar har Høghaug omsett Karl Marx og Friedrich Engels sin politiske klassikar Det kommunistiske partis manifest. Leif Høghaug kjem til JERNROSA for å snakka om den nye romanen Kælven (2019) som har blitt omtalt som ein arbeidarroman for det 21. hundreåret. Han skal også moderera fleire boksamtaler og leia paneldebatten om arbeidarlitteratur..


Terje Kollbotn er Odda sin eigen Tom Joad. Det er ikkje den kamp Terje ikkje har gått inn i med all si kraft, sin retorikk og sine strategiske evner når han har sett småkårsfolk og arbeidsfolks interesser truga av kapitalkreftene, overmakta eller byråkratane. Terje Kollbotn er ein institusjon i seg sjølv og fyller fullt ut tittelen på den store biografien om arbeidarhovdingen Martin Tranmæl – Et bål av vilje. På JERNROSA kjem Terje for å ropa oss trygt gjennom Smelteverket rundt på 100 minutt. Og, det beste av alt, veit du kva det er? Han treng ingen megafon eller berbar høgtalar på smelteverksvandringa, for, som han seier: Eg blei fødd med ein innebygd høgtalar!


Odd Erlend Mikkelsen er odding og kjend frå ei rekke lokale bandkonstellasjonar. Han er eit stort musikalsk talent som via musikklina på Trøndertun Folkehøgskule tok steget over i bandet Møblos og derifrå til ny status som gitarist i Dreamarcher. For tida går han på jazzlina på Grieg-akademiet i Bergen og er aktiv i jazztrioen Datadyr samt rockebandet Kryptograf som har fått gode omtaler for den heftige 60-talssounden sin. Til JERNROSA kjem han for å spela på Smelteverket rundt på 100 minutt, samt for å binda saman og gi oss musikalske opplevingar mellom dei litterære programpostane.


Endre Olsen er musikar, komponist og Stordabu busett på Grov. Han gav ut det første albumet sitt under namnet Angry Wasp i 2011. Sidan har han gitt ut ytterlegare eit album under namnet Endre Olsen & The Landmarks. I 2018 fekk han det store gjennombrotet som artist med albumet Bøttevis med blått, ei fengjande blanding av vestnorsk melankoli og svingande americana. Til Odda kjem han for å opna årets JERNROSA med si glitrande tolking av festivalen si signaturlåt Working Class Hero av John Lennon, samt for å vera omvandrande trubadur på Smelteverket rundt på 100 minutt og for å rocka opp lyrikklesinga under programmet Syre&Sink&Rock&Roll.


Lars Ove Seljestad er odding og norsk forfattar. Han har gitt ut sju romanar, eitt essay og to diktbøker sidan debuten i 2005. Med debutromanen BLIND gjorde han omgrepet Klassereise til ein del av norsk daglegtale. Han tok i 2016 initiativet til å starta JERNROSA Politisk Litteraturfestival og er festivalens primus motor og kunstnarlege leiar. Til årets JERNROSA har han med seg den siste romanen sin Snøen stryk ut alle spor (2019) som blei nominert til LOs litteraturpris og den siste diktsamlinga si Lyden av stein som flyttar seg under vatn (2020) som han presenterer saman med musikaren Endre Olsen under den fengande tittelen Syre&Sink&Rock&Roll.


Sponsorar