Program
Fredag 30.04 - Laurdag 01.05.2021
ODDA KINO
Førehandsalg av billettar på ebillett.no og på Odda bibliotek
Program fredag 30.04
18.00: Opning av JERNROSA Politisk Litteraturfestival 2021:
Working Class Hero Karl Seglem, bukkehorn og Kåre Opheim, trommer
Velkommen Festivalleiar Lars Ove Seljestad
Opningstale: Knut Olav Åmås, direktør i Fritt Ord
Arbeidardikt: Vidar Våde, skribent, politikar og fagforeiningsaktivist
Arbeidarsong: Atle Hansen, forfattar og musikar
Utdeling av JERNROSA ÆRESPRIS: Lars Ove Seljestad
Arbeidarsong: Atle Hansen
19.00: Ein klassereisande kryssar sine spor:
For 16 år sidan brakdebuterte Lars Ove Seljestad med romanen BLIND.
I år er han aktuell med nyutgjevinga av romanen som gjorde ordet Klassereise til ein del av norsk daglegtale.
Møt han i samtale med psykolog og forfattar Peder Kjøs.
20.00: Kva er greia med sosialt medviten krimlitteratur?
Møt sosiolog og krimforfattar Jan Mehlum i samtale med litteraturvitar Sofie Marhaug om den sosialt engasjerte krimlitteraturen.
21.00: Ein sveiseflamme mot likesæla:
Premiere på dokumentarfilmen om JERNROSA Politisk
Litteraturfestival. Regissør og produsent Magnus Hisdal Hardangerfjord Media AS.
22.00: KONSERT med Karl Seglem Trio
Karl Seglem, tenorsax og bukkehorn; Håkon Høgemo, hardingfele; Kåre Opheim, trommer.
Program laurdag 01.05
13.00 - 14.30: Digital 1.mai-feiring i Odda ved LO i indre Hardanger
15.00: PORTEN/SMELTEVERKSTOMTA: Smelteverket rundt på 100 minutt:
Terje Kollbotn (historikk og politikk), Lars Ove Seljestad (fabrikkdikt), Atle Hansen (gitar og song), Internasjonalt kor, Odda.
Historisk-politisk-poetisk vandring på det nedlagte Odda Smelteverk.
18.00: Ord for dagen:
Skodespelar Frank Kjosås les FARS TALE frå romanen BLIND av
Lars Ove Seljestad. Langlesing.
19.00: Svullryakvartetten:
Eit moderne storverk om Finnskogens arbeidarklasse. Møt forfattar
Adelheid Eshitok Seyfarth Gulbrandsen i samtale med Sandra Lillebø.
20.00: JERNROSAFOREDRAGET2021
Jørn Ljunggren, forskar ved Senter for tverrfaglig
kjønnsforskning, UiO, og redaktør av det nye standardverket om den norske arbeidarklassen
held foredrag om ARBEIDERKLASSEN
21.00: Alene:
Møt forfattar og psykolog Peder Kjøs i samtale med Sandra Lillebø om liv og einsemd før, under og etter ein pandemi.
22.00: Seiren følger våre faner:
1.mai-konsert med stordabuen, forfattaren og visesongaren Atle Hansen.